Til minne om Jon Vindheim

Jon-Vindheim1-150x150
Natt til tysdag gjekk vårt æresmedlem Jon Vindheim – ein av idrettslagets største eldsjelar gjennom tidene – bort. Dagens aktive kan mellom anna takke Jon for at Bjørnarhallen finst.

Jon Vindheim har i det heile gjort ein svært imponerande innsats for IL Bjørnar, med ei lang rekke tillitsverv. Han starta som leiar for skigruppa i klubben i 1968, og tok to år seinare over som leiar for hovudstyret. Han vart også leiar for handballgruppa i totalt fire år midt på 70-talet.

Men det er nok altså først og fremst som «Bjørnarhallens far» at Jon vil bli hugsa i klubbhistoria. Han tok til med arbeidet med ein hall på Garnes så tidlig som i 1971, og jobba med dette prosjektet heilt fram til Bjørnarhallen stod ferdigbygga i 1986. Men Jon gav seg overhovudet ikkje med hallprosjektet då. Han vart den første leiaren i hallstyret og han satt i hallstyret samanhengande fram mot årtusenskiftet. Jon vart høgst fortent utnemnt til æresmedlem i klubben for sitt arbeid.

Jon Vindheim nytta med andre ord 30 år av sitt liv på Bjørnarhallen, og fekk også sjå sine barn og barnebarn vakse opp som handballspelarar i den same hallen. I dag driv hundrevis av barn, unge og vaksne aktivitet i fellesskap i hallen på Garnes kvar veke, kvart einaste minutt frå morgon til kveld.

IL Bjørnar ønskjer å takke Jon så mykje for livslang innsats for idrettsmiljøet i Arna – ein innsats som framleis skaper stor glede for veldig mange!

 

Ei siste takksam helsing

Erlend Ytre-Arne Vågane
Leiar IL Bjørnar

facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Publisert i Ukategorisert