Velkomen til årsmøte 2017

Flagg 11Vi ønskjer alle medlemmer velkomen til årsmøte i IL Bjørnar, Bjørnar Handball og Bjørnarhallen. Årsmøtet finn stad i Bjørnarhallen torsdag 23.mars frå klokka 1900. Fullstendig saksliste kan de sjå under. Denne saken vil bli oppdatert med vedlegg etter kvart som det vert klart.

 

 

Saksliste årsmøte:
1. Godkjenne dei som har stemmerett

2. Godkjenne innkalling, sakliste og møtereglar

3. Velje dirigent, referent og 2 medlemer til å skrive under protokollen

4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna gruppeårsmeldingar

5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand

6. Handsame forslag og saker
– Støtte til Jan Egil Helles Minnefond
– Orientering om ny handbok for lagleiarar, trenarar og miljøkontaktar i Ballsidigheit

7. Fastsetje medlemskontingenten

8. Vedta idrettslaget sitt budsjett

9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan

10.Gjere følgjande val:
– Leiar og nestleiar
– 5 styremedlem og 1 varamedlem.
– Andre val i høve til organisasjonsplan
– Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget har representasjonsrett
– Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte

I.L. Bjørnar
for styret Erlend Vågane

Årsmøtedokumenter

facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Publisert i Klubbinformasjon