Last ned den nye Ballsidigheitshandboka

No i 2017 har IL Bjørnar laga ei oppdatert handbok for lagleiarar, trenarar, miljøkontaktar og foreldre i Ballsidigheit. Ballsidigheit er eit samarbeid mellom Bjørnar Handball og Arna-Bjørnar Fotball, og er vårt aktivitetstilbod for aldersgruppa 6-10 år. Handboka gir både retningslinjer for aktiviteten, og er eit oppslagsverk for alle leiarar rundt laga. Alle foreldre rundt dei yngste laga bør kjenne til hovudinnhaldet i denne handboka, som kan lastast ned ved å trykke på denne lenka.

facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Publisert i Ukategorisert