Søker trenarkoordinator for Ballsidigheit

IL Bjørnar søker ein aktiv og engasjert person til å bli vår nye trenarkoordinator for Ballsidigheit 6-10 år. Er du interessert? Send ei skriftlig henvending med kort informasjon om deg sjølv til styreleiar Erlend Vågane på verlend@yahoo.com innan 17.januar. Godtgjersle er kr 70 000,- for eitt år, med opsjon for forlenging av kontrakt.

Ballsidigheit er idrettslagets aktivitet for aldersgruppa 6-10 år, kor dei yngste barna driv både handball og fotball. IL Bjørnar ønskjer å styrke utviklinga av barneidretten i bydelen, og vil derfor engasjere ein trenarkoordinator som kan bidra faglig i arbeidet. Målet med tiltaket er todelt:

  1. Forbetre trenar- og leiarkompetansen innan Ballsidigheit og utvikle Ballsidig trening som eit særskilt fagfelt

  2. Utvide Ballsidigheit til nye område og inkludere fleire barn i aktiviteten

Trenarkoordinators oppgåver/mål er som følgjer:

  • Bidra til å etablere Ballsidigheit som tilbod i Ytre Arna og på Lone/Espeland

  • Organisere oppstart av Ballsidigheitslag for barn og unge med utviklingshemming

  • Drive kursing og kompetanseheving med trenarane med særlig vekt på allsidig ballaktivitet. Dette inneber både fellessamlingar, trenaroppfølging ute på trening og formidling av øvingsbankar til trenarane

Trenarkoordinatoren rapporterer til hovudstyret i IL Bjørnar. Har du spørsmål? Ta kontakt med styreleiar per e-post (sjå over) eller telefon 922 98 430

Prosjektet er støtta av samfunnsnyttige midlar frå Sparebanken Vest

facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Publisert i Ukategorisert