Bidra i klubben?

Vil du vere med på å skape gode handballopplevingar for barn, unge og vaksne i Arna?

Idrettslaget Bjørnar er ein breiddeklubb med seniorlag i 2.divisjon, og flotte utøvarar og frivillige i alle aldrar. No er vi på utkikk etter kandidatar som er motiverte for å bidra i styret eller kontrollutvalet til klubben.

Styret skal bestå av leiar, nestleiar og seks styremedlemmer. Kontrollutvalet skal bestå av leiar, ein medlem og ein varamedlem.

Vi ønskjer at du tipsar oss om aktuelle kandidatar til desse verva. Det er viktig at foreslåtte personar er spurde på førehand. Framlegg til kandidatar med ein kortfatta CV og kontaktinformasjon kan sendast til valkomiteen innan 13. februar på e-post: erlend.kaasa@gmail.com.

Har du andre spørsmål, kan du ta kontakt med Erlend Kaasa (tlf. 99 61 64 83) eller Thomas Garnes (tlf. 95 26 06 02) for ein hyggjeleg prat!

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Mvh

Erlend og Thomas

Valgkomiteen IL Bjørnar