Minneord Ole Bjarne Mjånes

.

Foto: Anders Totland – Bygdanytt

Minneord

Ole Bjarne Mjånes f. 05.04. 58 – d. 29.07.19

Det er trist å meddele at Bjørnar handball har mista ein eminent keeper, dedikert medlem og ivrig støttespelar.

Ole Bjarne var ein handballmann av rang og har hatt tilknyting til ulike handballklubbar i Hordaland. Dei siste åra i karrieren var han medlem i Bjørnar og fast målvakt for Bjørnar sitt lag i Gullserien.  Han var utan tvil ein av dei dyktigaste målvaktene i Gullserien. I tillegg til å vakte buret la han stor energi ned i å styre laget både i forsvar og angrep.  Han var tydeleg på at ei målvakt må ha god reaksjonsevne og kunne snakke med laget, han levde opp til sine ideal!

Dei siste åra blei Ole Bjarne sine helseplager merkbare og han tok seg ut til det ytterste. Han stod på, sjølv om beina og pusten ikkje spelte på lag han. Den siste kampen han deltok i, gjennomførte han sitjande på stol i mål. Han fullførte med stil, keeperferdighetene var så forankra i han, at han slengte seg etter ballen, utførte ei strålande redning og kom seg opp att på stolen med eit smil!

Sjølv om helsa svikta og han ikkje kunne stå i mål lenger, så fylgde han ivrig opp kring laget og klubben. Han kom på trening og gjorde ein god innsats som keepertrenar, han delte med glede av sin store kunnskap. Han ville også bli orientert om resultat etter at laget sine kampar. Om me trenarar gløymde å ringe han rett etter kamp, så gjekk det ikkje lenge før han ringte tilbake. Det var ikkje nok å formidle resultatet, han var alltid interessert i korleis laget hadde spelt og kom med velmeinande råd om korleis laget kunne bli betre.

Ole Bjarne var også engasjert i dame- og herrelaget, han var ofte publikum på kamp i hallen og hadde god dialog med trenarane. Han var ikkje redd for å komme med oppmuntrande ord og konstruktiv kritikk. Då han feira 60-års dagen sin i klubbrommet, var det ein selvfølge at han inviterte spelarar og trenarar frå dame- og herrelaget i tillegg til sitt eige lag.

Gull-laget til Bjørnar er i sorg over tapet av Ole Bjarne og det var ei tydeleg prega forsamling som mottok dødsbodskapen på trening etter sesongstart. Mange tårer blei felt og mange gode ord blei formidla. Ein av spelarane sa dei trøystande orda ”Husk alle sammen, når vi spiller kamp, så sitter han i himmelen og ser på oss”.

Vi lyser fred over Ole Bjarne sitt minne.

Monica, Benjamin og Gerd

 

Minneside