Kjetil Holm gjer seg som daglig leiar
Kjetil har vore «heile livet» i Bjørnar, både som spelar, foreldretrenar for eigne born, trenar for ungdomslag, senior dame og herrelag. Det var 1.april 2018 at Kjetil overtok som dagleg leiar etter John Halvor Sæle. Kjetil har no vald å gje seg som dagleg leiar i Bjørnar og søkjer nye utfordringar og nye arbeidsoppgåver.
Personleg har eg hatt stor glede av å jobbe tett med Kjetil i mange år, først som foreldre og seinare som miljøkontakt for guttelag der han har vore trenar, samt dei siste 4 år i styret i idrettslaget. De siste to åra har eg som styreleiar hatt tett og god dialog og samarbeide med Kjetil.
Kjetil har hatt ansvar for økonomi og rekneskap og han har vist at han har nøysomhetskultur i ryggmargen. Som dagleg leiar har Kjetil samarbeida med styret, relevante utvalg og øvrig administrasjon, i daglig drift og utvikling. Kjetil har bidratt med god fokus på profilering av idrettslaget i sosiale medier og andre informasjonskanaler. Kjetil har representert klubben utad og arbeida med oppfølgjing og fornyelse av eksisterende avtaler, samt etablering av nye sponsor og samarbeidsavtaler. Alle som er lagleiere og miljøkontakter veit sjølvsagt også at Kjetil har hatt ansvar for å fordele og organisere dugnadsoppgaver og vaktlister ifm kamper og arrangement i Bjørnarhallen.
På vegne av idrettslaget vil eg takke Kjetil for samarbeidet og innsatsen for Bjørnar i alle desse åra. I oppsigelsestida fram mot 31.juli vil Kjetil avvikle ferie og han har også opparbeida avspasering som kan vere aktuelt å ta ut som fridagar når sumaren nærmar seg.
Styret startar umiddelbart arbeidet med å utlyse ledig stilling som dagleg leiar, samt finne og kome i dialog med aktuelle kandidater.
IL Bjørnar
Arild Litlekalsøy
styreleiar