Delar av Vårspretten 2021 avlysast

Vi ønskjer å takke så mykje til alle som har meldt seg på Vårspretten 2021. 378 lag har meldt seg på, og vi har brukt dagane etter påmeldingsfristen til å rekne på om det er mulig å gjennomføre turneringa og på kva premiss. Den gode nyheita er at vi framleis trur at vi kan gjennomføre delar av turneringa, den dårlige nyheita er at vi dessverre ikkje greier å gjennomføre turnering for alle påmeldte på ein forsvarlig måte innanfor den tida vi har.
 
Slik er konklusjonane:
  • Ingen lag utanfor Bergen kommune kan delta!
  • For aldersklassane fødd 2014-2012 (minihandball): Vi satsar på å gjennomføre turnering i Bjørnarhallen i helgene 24.-25.april, 2.mai og 8.-9.mai (+ eventuelt 30.april og 7.mai). Det vil høgst sannsynlig bli avgrensingar i kor mange spelarar og lagleiarar kvart lag kan ha
  • For aldersklassen fødd 2011: Vi satsar på å gjennomføre turnering i Bjørnarhallen 15.-18.april + 23.april. Det vil høgst sannsynlig bli avgrensingar i kor mange spelarar og lagleiarar kvart lag kan ha
  • For aldersklassane fødd 2010 til 2005: Vi greier dessverre ikkje å gjennomføre turnering for desse klassane på ein rimelig og forsvarlig måte, og må derfor allereie no avlyse denne delen av turneringa
 
Med dagens smittesituasjon og plan for vaksinasjon trur vi ikkje at reglane vil vere lettare ved oppstart om ein månad. Vi har derfor gjort vurderinga ut frå dagens reglar. Det er no ikkje tilltatt med kampar på tvers av kommunegrenser og det er maks tillatt med 50 personar inni hallen til einkvar tid, noko som gjer at vi må spreie kampane over mykje lenger tid enn normalt. Dersom koronasituasjonen skulle forverre seg framover, må vi sjølvsagt gjere nye vurderingar.
 
Vi vil beklage så mykje til alle som ikkje får delta, og håpar samtidig om forståing for problema med å gjennomføre ei så stor turnering i dagens situasjon! Vi har i det lengste håpa at utviklinga skulle gå fort nok til at vi kunne gitt eit kamptilbod til alle som ville, men slik har det dessverre ikkje blitt.
 
Vi har sendt ut nærmare informasjon til alle dei påmeldte laga, og vil halde laga i klassane 2014 til 2011 løpande orientert ved endringar!
 
Erlend Vågane
Turneringsleiar Vårspretten