Dato: 23.mars 2026 kl 1800, Sted: klubbrommet Bjørnarhallen
Lenke til Lover for idrettslaget Bjørnar, vedtatt 14.05.2024
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til post@bjornar.no seinast innan kl 1800 10.mars 2026.
Fullstendig saksliste og saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg for klubbens medlemmer på klubbens nettsider eller på annan forsvarleg måte seinast ei veke før årsmøtet.
For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år i løpet av kalenderåret, ha vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava, ref idrettslagets lov §5. Ein medlem, også dei under 15 år, har likevel forslagsrett til og på årsmøtet. Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.
Årsmøtet er klubbens øverste organ, og vi oppfordrer alle medlemmer til å delta for å fremme sine syn på hvor veien videre for klubben skal gå. Velkomen til årsmøte!
styret i idrettslaget Bjørnar
[1] Dersom saklista ikkje vert fullført, kan det kallast inn til framhaldande årsmøte. Slik innkalling skjer på tilsvarande måte som for ordinært årsmøte, men eventuelt med kortare frist godkjend av årsmøtet. Framhaldande årsmøte kan berre handsame saker som var med i godkjend sakliste for årsmøtet.
[2] Årsmøtet kan fastsetje ei øvre grense for storleiken på treningsavgifta
[3] Organisasjonsplanen skal regulere den interne organiseringa og aktiviteten i idrettslaget.
[4] Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Årsmøtet kan i tillegg velje andre tillitspersonar det er behov for.
[5] Idrettslaget kan velje om styremedlemer skal veljast for eitt eller to år av gangen